
| Harding Puls er Hardanger sitt tverrfaglege kunstnarforum. Ei stor gruppe kunstnarar og kultur-formidlarar er representerte i forumet. Me arbeider profesjonelt på mange nivå i det lokale, nasjonale og internasjonale kulturlivet. Fellesnemnaren for oss medlemmene er tilknytinga til Hardanger, anten ved at me bur og arbeider her, eller ved at me har hatt oppveksten vår i regionen. | |||
Forumet formidlar informasjon om og kontakt med medlemmene. Eit av hovudmåla er å auke bruken av kunst og kunstfagleg kompetanse i samfunnet. | Medlemskap Sidan Harding Puls vart stifta i 1993, har me skapt eit unikt miljø på tvers av faggrenser og fjordlandskap. Nett-verket er ein viktig faktor for trivsel og inspirasjon. Ved sida av samarbeid i ulike prosjekt samlast medlemmene til Hardingpuls-ting med kreativ idédugnad og fagleg påfyll ein gong i året. Forumet er i god utvikling, ideane er mange og aktiviteten stor. At nye og yngre kunstnarar ynskjer å knyta seg til, lovar godt for framtida. Dei som vil søkja medlemskap finn søknadsskjema på denne sida. Sjå søknadsskjema | ||
