
Musikar. Hardingfele og song. Benedicte er ein uvanleg fin utøvar på hardingfela. I tillegg er ho ein dyktig kvedar. Både på hardingfela og som songar opptrer Benedicte som solist. Repertoaret hennar er hovudsakelig frå Hardanger både når det gjeld slåttemusikken og songen. I tillegg til vanlege konsertar gjer ho og mindre sceniske innslag på møter, konferanser o.l. saman med kvedar Berit Opheim og Monika Kolskår, eller med slåttemusikk saman med Knut Hamre. Dei siste åra har interessa for dei eldste hardingfelene i Noreg ført til CD prosjektet ”Rosa i botnen”.




