stiller ut i Galleri Puls i Norheimsund fram til 23. april
KWESTAN JAMAL BAWAN
maleri og video
GALLERI PULS
Gamlebanken i Norheimsund
(tidlegare Hardanger Kunstsenter)
Utstillinga står 2. – 23. April
Tors - fre kl. 12 – 16
lau kl.11 - 15
OPE i påsken:
Tys – ons kl. 12 – 16
lau kl. 11 - 15
Kunstnaren Kwestan Jamal Bawan kom frå Irak til Øystese med mann og barn på slutten av 90-talet.
Det tok ikkje lang tid før ho vart medlem i kunstnarforumet Harding Puls og hadde si fyrste utstilling i galleriet vårt i Tingstova som den gong også heitte Galleri Puls.
Seinare flytta ho til Bergen og ho har også tatt full norsk kunstutdanninga
på Kunsthøgskolen i Bergen.
Kwestan er ein aktiv og etter kvart ein etterspurd kunstnar.
Ho er opptatt av stadar og naturen.
I dei seinare åra har temaet natur vorte det viktigaste.
og ho ser etter samanhengar og livsenergi.
Frå sandstormar i Kurdistan til uvær og bylgjer i Lofoten.
Energi i forskjellige former - som binder alt sammen.
Staden med naturen og naturen med oss mennesker.
Lys- og mørketid.
Forskjella i klima.
Alt dette er viktige inspirasjonskjelder for ho.
Utstillinga har fått tittelen
GRENSELØS
